Arild Rein er fødd i Stavanger, 1960. Han er forfattar av boka Kaninbyen. Rein har tidlegare skrive; Hundedagande og Grisekoret. Kaninbyen er den siste boka i denne trilogien.
Då Stavanger var kulturhovudstad i Europa i 2008, blei boka plukka ut som den boka alle skulle lese. Det var eit prosjekt i regi av Stavanger Kulturhus. Prosjektet var vellukka og mange las boka. Det var delte meiningar om kor god boka var. Den satt i gang ulike tankar. På første side i boka står eit dikt av Beratand Russel (1872 – 1970). Diket seiar ganske mykje om hovudpoenga til Rein i denne boka.
Eg trudde dei fleste likte pengar
Betre enn noko anna,
Men eg har oppdaga
At dei likte øydelegging endå betre.
Boka kritiserar sterkt overbruken av pengar i Noreg. Rein kritiserar det han kallar fiffen. Men det verste av alt er øydelegging av miljø, vennskap og tradisjonsrike normer.
Boka er rett frem heilt ærleg. Den handlar i grove trekk om byen Stavanger og livet til Johnny Roxmann. Som siddis synast eg at Rein skildrar Stavangermiljøet utroleg bra. Roxmann er ein tidlegare, oppsagd politibetjent. Han slit med å akseptera samfunnet og føler seg utanfor. Han bur i kolonihagen på Eiganes og leiger ut leilegheita sin til prostiterte. I boka treff han fleire personar. Han møter thailandske Kim og får eit spesielt godt auge til henne. Roxmann er plaga av migrene og hevdar at han ikkje har kontroll over ”den helvetes jævla sjukdommen.” Han seier fleire gonger at Stavanger, Noreg og heile petroleumsfondet vårt kan ryke og reise. ”Heile Noreg føretrekk jo faen ikkje gjera ein jævla skit, leva på aksjeutbytte og fond.”1
Roxmann brukar eit saftig språk, men i innhald forstår eg kva han meiner. Eg kjenne meg litt igjen i Roxmann. Han er lut lei av å leve eit A4 liv. Lut lei av familiar som køyrer stasjonsvogn, som bur i einebustadar med fin hage og trur dei har oppskrifta på eit vellukka liv. Han er lut lei av at alle skal like kunst og klassisk musikk. Lut lei av å sjå ned på folk som ikkje er klassifisert som normale menneske . Roxmann framstår som ein outsider som er skit lei av forventningar. Han bryr seg ikkje om kva alle andre syns om han. Kvifor skulle han det?
Som tidligare politibetjent er loven viktig for Roxmann sjølv om han bryt den og. Han naskar og stel i butikkar. Boka er svært samfunnskritisk. Rein set nok ein del hendingar og formuleringar på spissen. Dei sterke, og relevante poenga Rein er ute etter er gøymt bak ein fasade. Han brukar mye banning, og unyanserte utrykk.
Eg likte boka godt. Ein må leggja den frustrerande eller barnlige ”fasaden” tilsides. Det er viktigare å heller prøve å forstå kva han vil fram til. Rein byggjer opp stemningar som ofte endar ut i eit sitat. Eit sitat med ein skjult sanning. For eksempel ”lærer ein seg ikkje å stela, blir ein faen aldri rik”.2 Ein kan her forstå kva Rein meiner. Han meiner ikkje direkte steling men at menneske er griske. Gang på gang skriv Rein slike ting på en måte som bare han kan gjere. Slike bøker som denne er for meg ein inspirasjon til å utforske det mangfaldet litteraturen har å by på.
Etter å ha lese boka kan eg sjå at den kan bli samanlikna med havregrauten; hata eller elska. Språkbruken til Rein kan gjer ein blind. Eg trur ein må sjå bakom språkbruken og heller fokusera på poenga i boka. Ein fare er at lesarane blir blind og dermed ikkje ser buskapen i boka. Dermed likar lesarane ikkje boka.
Menneske som bur i Noreg lever eit liv på øvste grein. Når ein er på topp kan det vere langt å falle. Kan hende Roxmann er meir klarsynt enn mange av oss andre trur?
Jon Bø Pedersen
Kilde:
Boka Kaninbyen. Skrevet av Arild Rein. Utgitt i 2004 av Det Norske Samlaget. ISBN: 978-82-521-7371-0.
Sitat tatt i frå boka:
Foto: http://www.flickr.com/photos/13515880@N03/5176189773/


